Prestevodden

Prestevodden er ein stad på grunnen til Prestegarden (gnr. 42 bnr. 1) i Valle, like ved eigedomsgrensa mot Sagneskar, nær Valle sentrum.
Museumsplanar
Her gjorde dei som arbeidde for eit museum i Setesdal i 1916 avtale med sokneprest Liljedahl om ei tomt til museet, like ved Boneifura. Same året kjøpte dei ei gamal årestoge frå Åmli og flytta ho til Prestevodden. Setesdalsmuseet blei formelt skipa 9. juni 1938. Det var semje om at museet skulle liggje i Prestevodden. Tanken var å flytte bygningar hit, til dømes frå Nordigard Rygnestad, bygningane som i dag utgjer Rygnestadtunet. Av ulike grunnar blei ei slik flytting ikkje aktuell.
I 1958 fekk museet overtake det gamle heradshuset i Valle. Opphaveleg var det bygget den fyrste skulestoga i Valle frå 1846. I 1959 blei bygningen flytta til Prestevodden og plassert ved sida av den gamle årestoga.
«Der stoppar i grunnen soga om museet i Prestevodden for denne gongen», skriv Leonhard Jansen i Agder Historielag sitt årsskrift for 2007.
Hausten 1987 vedtok kommunestyret i Valle at eit museumsbygg (magasinbygg) for Setesdalsmuseet skulle byggjast på Bjugsbakk på [Rysstad]] og ikkje på den gamle museumstomta i Prestevodden.
Årestoga frå Åmli og det gamle heradshuset står framleis på staden.
Kjelder
- Leonhard Jansen, Museum i Setesdal – og historia til desse, artikkel i Agder Historielag sitt Årsskrift nr. 83, 2007, side 89–112