Helle Camping

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. juli 2015 kl. 23:44 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Inngongen til campingplassen med Straumsfjellet i bakgrunnen. Til venstre står minnesteinen over Håvard Heddi.

Helle Camping er ein ny campingplass på Helle i Hylestad i Setesdal. Campingplassen opna fredag 12. juni 2015. Han er framleis under utvikling. I første omgang er det plass til bubilar, campingvogner og telt. Seinare vil det kome hytter og rom med høg standard. Campingplassen har sanitæranlegg, kjøkken- og opphaldsrom, badestamp, fiber-WIFI og leikeplass for dei minste. I nærområdet kan ein fiske, gå turar i fjell og skog, klatre i fjella omkring og bade i Otra. Helle Camping ligg rett ved Straumsfjellet, der ein kan klatre i klatreløypa Via Ferrata - Straumsfjellet, som er ei av dei lengste Via Ferrata-løypene i Nord-Europa.

Kjelder

Eksterne lenker