Nørdre Mo
Hopp til navigering
Hopp til søk
'Nørdre Mo var ein husmannsplass på grunn som no ligg under bnr. 2 på Nomeland i Hylestad. Stoga stod nord på Nomeland, mellom setesdalsvegen og Otra.
Plassen kan ha blitt rydda av Tarjei Olsson Brokke (f. 1774, d. 1840). Sikkert veit ein at sonen Jørund Tarjeisson Nomeland (f. 1820) budde her med kona Tore Olsdotter Nomeland (f. 1830) og borna. Dei var her iallfall til 1875.
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune I Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, side 470–471