Oddestemmen (dam)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. mai 2025 kl. 14:08 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (BIlde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Restane av Oddestemmen 2. mai 2025.

Oddestemmen var ein dam som var bygd ovafor Oddefossen i Oddeåna i Evje, truleg ca. 1876 i samband med drifta av Flåt nikkelgruve i Mykleåsen. Oddestemmen høyrde til Evje prestegard, og soknepresten gav gruveselskapet lov til å bygge dammen for å demme opp Oddeåna her. Føremålet var at vatnet skulle drive eit kjempestort vasshjul under fossen, som igjen via ein 1666 m lang stålvaier dreiv gruveheisen i skråsjakta oppe i gruva.

I dag (2025) er det bare restar igjen av dammen. Men området der han var kallast framleis Oddestemmen.

Kjelder