Innistog (Longerak)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. august 2013 kl. 17:27 av Siri J (diskusjon | bidrag) (puss)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:AA Bygland, Longerak, Innistog (gnr. 54-1) 02 rcraW.JPG
Innistog sett frå den gamle riksvegen.
Foto: Siri Johannessen
Det gamle skulehuset på Longerak.
Foto: Siri Johannessen

Innistog er ein gard i Bygland kommune (gnr. 54/1). Den ligg midt i bygda Longerak, mellom Monen og Oppistog nede ved Byglandsfjorden med Knutstog i aust og fjorden i vest.

I Gards- og ættesoge Bygland skriv Reidar Bolling at truleg er det eldste bruket på Longerak, og det er uvisst når det blei kløyvd i mindre delar[1]. Garden hadde ei kvern øvst i Longeraksåni, og to støylar – ein på Tveitå og ein i Lia.

Innistog hadde dampskipskai, og frå 1. juli 1898 til 31. oktober 1967 låg Longerak sitt posthus på garden. Seinare blei og telefonsentralen lagt hit. 1. juli 1925 skifta poststaden namn frå Langerak til Longerak. Den første postopnaren var Torgeir Olavson Langerak, og frå 1. oktober 1921 styrde Ingebjørg Langerak telefonen[2]. Grenda sitt gamle skulehus ligg på Innistog sin grunn.

Slekt

Dei eldste kjende eigarane er Svenke Langerak som åtte garden i 1612, og sonen Olav Svenkeson i 1624. Garden har truleg hatt odelskrav, noko som blei tydeleg etter at Sigrid, dotter til Olav Gjermundson som åtte garden i 1723, vigde med Torgeir Olavson Fennefoss (no i Evje og Hornnes kommune). Torgeir Olavson avtala i 1735 eit odelsbyte mellom Fennefoss og Longerak med Olav Gunnarson Langerak, Olav Gunnulvson Langerak og Børulv Torkjelson Fennefoss.

Frå Innistog emigrerte Eivind Olavson (fødd 24. september 1864[3]) til Amerika 25. juli 1892[4], og Åsulv T. Langerak (fødd 6. oktober 1884[5]) i april 1903[6]. Fleire lærarar kjem og herfrå, Gunstein T. Langerak (fødd 22. januar 1891[7]) var rektor ved Hornnes Landsgymnas og broren Olav T. Langerak (fødd 21. oktober 1874[8]) var lærar i Bygland 1895–1941, han var utdanna ved Ullmans seminarium i Seljord. Mannen til Mari Olavsdotter Longerak (fødd 3. juni 1899[9]) var landbruksskulestyrar Ola Eriksson Tverdal frå Rennebu (fødd 15. august 1894[10]).

Av Innistogætt er óg to av Bygland sine ordførarar i nyare tid, Magnhild Rygg og sonen Leiv.

Kjelder