Århus (Åraksbø)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. desember 2024 kl. 07:40 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Århus 22. desember 2024.

Århus er ein bustadeigedom (gnr. 27 bnr. 12) og ein tidlegare husmannsplass i Grjotet, mellom Bryggjevegen og Hovassåni, i Åraksbø i Bygland.

Pål Olavson Lauvdal (f. 1802, d. 1888) og kona Sigrid Olavsdotter Dale (f. 1810, d. 1890) rydda plassen kring 1864. Det høyrde litt jord med til plassen, og Pål var mylnar med ei mølle (kvernhus). Etter Pål og Sigrid budde sonen Olav Pålson Århus (f. 1839, d. 1919) i Århus saman med systera Tore Pålsdotter Århus (f. 1841, d. 1932). Olav var mylnar som faren, sagmeister og dreiv den lille jordflekken som høyrde til plassen.

I 1891 fekk Olav kjøpt Århus av eigaren av Urdi, som plassen høyrde inn under. I 1894 sette han opp nytt våningshus. Han og Tore hadde felles hushald så lenge dei levde. Tore var med og betalte då eigedomen blei kjøpt og nytt hus bygd.

Kjelder

Kart

Laster kart ...