Innistog (Longerak)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. juli 2013 kl. 00:42 av Siri J (diskusjon | bidrag) (litt referanser og puss)
Hopp til navigering Hopp til søk

Innistog er ein gard i Bygland kommune (gnr. 54/1). Den ligg nede ved Byglandsfjorden midt i bygda Longerak.

Dei eldste kjende eigarane er Svenke Langerak som åtte garden i 1612, og sonen Olav Svenkeson i 1624. Garden har truleg hatt odelskrav, noko som blei tydeleg etter at Sigrid, dotter til Olav Gjermundson som åtte garden i 1723, vigde med Torgeir Olavson Fennefoss (no i Evje og Hornnes kommune). Torgeir Olavson avtala i 1735 eit odelsbyte mellom Fennefoss og Longerak med Olav Gunnarson Langerak, Olav Gunnulvson Langerak og Børulv Torkjelson Fennefoss.

Frå Innistog emigrerte Eivind Olavson (fødd 24. september 1864[1]) til Amerika 25. juli 1892[2], og Åsulv T. Langerak (fødd 6. oktober 1884[3]) i april 1903[4]. Fleire lærarar kjem og herfrå, Gunstein T. Langerak (fødd 22. januar 1891[5]) var rektor ved Hornnes Landsgymnas og broren Olav T. Langerak (fødd 21. oktober 1874[6]) var lærar på Bygland 1895–1941, han var utdanna ved Ullmans seminarium i Seljord. Mannen til Mari Olavsdotter Longerak (fødd 3. juni 1899[7]) var landbruksskulestyrar Olav Tverdal frå Rennebu (fødd 1898[8]).

Av Innistogætt er óg to av Bygland sine ordførarar i nyare tid, Magnhild Rygg og sonen Leiv.

Kjelder