Gausi (Bygland gnr. 31 bnr. 3)
Gausi er eit gardsbruk (gnr. 31 bnr 3) i Åraksbø i [Bygland]]. Husa ligg øvst i Kleivegrend.
Historie
Gausi var eigen gard i mellomalderen. På eit tidspunkt, kanskje i tida rundt Svartedauden, blei han fråflytta og lagt øyde. Seinare blei området teke opp att som slåtte-, beite- eller støylsmark. I støylsområdet blei det på 1700-talet rydda ein husmannsplass. I 1873 blei plassen skyldsett, delt frå Søndre Haugen og seld til husmannen. Frå då har Gausi vore eige bruk.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 598–