Folkets Hus (Åraksbø)
Utsjånad
[[Fil:Folkets hus Åraksbø 170724 (2)-3.jpg|mini|høgre|Den gamle husmannsstoga, ein gong Folkets Hus, 17. juli 2024. [[Byline|Geir Daasvatn}}]] Folkets Hus var eit forsamlingshus i Åraksbø i Bygland frå 1915 til ut i 1950-åra. Åraksbø Arbeidarlag sette opp huset. Huset var den gamle husmannsstoga i Heddeviki, som blei teken ned og frakta på isen til Åraksbø. Her blei ho sett opp på grunnen til Urdi, Nedstoga bnr. 1.
Etter at det var slutt med aktiviteten i huset blei det i 1967 skøyta over til Olav G. Nordgarden i Urdi. Bygland Arbeidarparti fekk kjøpesummen på 3 000 kroner. Huset står framleis på staden.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 269–270