Silje Marie Rygnestad Nesvaag
| Silje Marie Rygnestad Nesvaag | ||
|---|---|---|
| ||
| Silje Marie med boerboelen Loba | ||
| Født: | 27. juli 1983 (42 år) | |
Silje Marie Rygnestad Nesvaag (født 27. juli 1983) var leiar for PPT Setesdal frå februar 2011 til januar 2015, då ho tok til i stilling som kommunepsykolog i Bykle. Då ho kom til PPT Setesdal, tok ho over etter Olav T. Åkre.
Silje Marie Rygnestad Nesvaag vaks opp i Porsgrunn og tok si profesjonsgrad i psykologi ved NTNU i Trondheim hausten 2010. Hovudoppgåva hennar var Tassende terapi. - Teoretisk innlemmelse av hundeassistert terapi i skjemafokusert kognitiv behandling av borderlinepersonlighetsforstyrrelse, den skreiv ho saman med Julie Valen.
Besteforeldra hennar kom frå Utistog i Bykle. Garden ligg like ved kyrkjene i Bykle kyrkjebygd og er ein av dei tre største gardane i Bykle, og Silje Marie Rygnestad Nesvaag arva garden som tenåring. Ho har hatt utsetting med buplikta på grunn av utdanning, men då ho fekk jobben i PPT Setesdal med kontorstad i Valle, høvde det godt å bu på garden som ho har brukt som fritidsbustad tidlegare.
I fritida er ho aktiv innan kampsport og har vore innom både kickboksing, shootfighting, boksing og mixed martial arts. Ho er og aktiv innan vektløfting. 5. mars 2011 fekk ho sølv i vektløfting i 75-kilosklassen i NM.
Kjelder
- Helene Horverak: Gardseigar og ny PPT-leiar. Artikkel i Setesdølen nr. 61, 2011 side 8
- Tok NM-sølv i vektløfting. Artikkel i Setesdølen nr. 61, 2011 side 8
