Lunden Ose (Bygland gnr. 15 bnr. 17)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. februar 2020 kl. 19:32 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Geir Daasvatn flyttet siden Lunden Ose (Bygland gnr. 15 bnr 17) til Lunden Ose (Bygland gnr. 15 bnr. 17): Ørliten trykkfeil i første tittel (glemt et punktum))
Hopp til navigering Hopp til søk
Lunden 25. desember 2019.

Lunden er ein liten eigedom (gnr. 15 bnr. 17) midt i sentrum på Ose i Bygland. Han var først ein husmannsplass for Tarald Mikkjelson Flårenden (f. 1842, d. 1917). Tarald kom til Ose frå Flårenden i Valle i 1903. I 1924 blei plasset frådelt, og fekk bnr. 17. Delar av våningshuset er svært gamalt, og skal vere frå ei årestoge med ljore i taket. Eigedomen er framleis i bruk, nå som fritidsbustad.

Kjelder