Risdal Touring

Foto: Geir Daasvatn
Risdal Touring er ein turoperatør (AS) med hovudkvarter på Evjemoen. Selskapet har basis som busselskap, men arrangerer også reiser med båt, fly og tog. Driftsinntektene i 2018 var 36 millionar kroner. Dagleg leiar er Tom Roger Øydne. Styreleiar er Olav Ljosland Risdal. Gjennom aksjeselskapet Olto Holding eig dei 50 % kvar av aksjane i selskapet. Det er rundt 11 tilsette i firmaet.