Eljansåna

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. februar 2020 kl. 17:28 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Eljansåna Hægeland - Kile 060815 (2).jpg
Eit lite fossefall i Eljansåna rett før ho renn ut i Kilefjorden.

Eljansåna er ei sideelv til OtraHægeland nord i Vennesla kommune. Ho kjem frå Hægelandsvatnet, og renn i nord-austleg retning og ut i Otra i søre enden av Kilefjorden ved Kile.

Elva renn gjennom eit lite dalføre som strekker seg frå søre enden av Kilefjorden sør-vestover omtrent til Hægeland kyrkje. Under siste istida har dette dalføret truleg vore fylt av ein bredemd innsjø. Smått om senn smelta isen som demde opp dalføret, og innsjøen vart tappa ut. Hægelandsvannet er siste resten av den store innsjøen. I dalføret ligg det svære grusavsetningar avsette etter vatn. I desse mektige grusavsetningane har Eljansåna grave seg ned medan ho buktar og svingar seg gjennom dalen mot Kilefjorden.

Kjelder

Kart

Laster kart ...