Moisund stasjon
Moisund stasjon var ein stasjon på Setesdalsbanen 1896–1962. Han låg på garden Moi sin grunn. Men han skal ha blitt heitande Moisund, slik at han ikkje skulle forvekslast med stasjonen Moi i Rogaland. Stasjonsbygninga var utforma ganske lik stasjonane på Mosby, Vennesla, Grovane, Iveland, Hægeland, Hornnes og Evje. Han blei riven etter at jarnbanen var nedlagt. I dag kan ein bare sjå litt av perrongen der stasjonen var, rett ved Riksveg 9, opp mot nordre enden av Moisundsletta.
Kjelder
- Alf Georg Kjetså, Hornnes mi heimbygd - 2 (bok), utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2019, side 8
- Roar Olsen (red.), Fra gamp til damp. Setesdalsbanen - de første hundre år]], utgjeve av Stiftelsen Setesdalsbanen, 1996, side 190