Setesdalskappleiken 1908

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. august 2021 kl. 07:26 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk

Setesdalskappleiken 1908 vart halden på Byglandsfjord 5. juli 1908. Det møtte fram mykje folk, men bare fem spelemenn melde seg på for å delta. Domarane var Lars Osa, Nils Horverak og Karl Knutson.

SitatDet kom i Fædrelandsvennen om spelingi som skulle vere. Å, som folk røa seg i mellom, dette var so nytt for alle å kappspele. Folk tala om stemna heile veka før og stella seg meir enn til bryllap. Dei som stella med stemna og fekk den i stand var skipparen Frants Vassend, J. G. Nordgård og Jørund Greibrokk. Det vart ei stor stemne etter tida då. Båten var fullasta med folk. Eg trene før, og kvellen før stemna spela eg heile notti med Rusfjellfossen. Då me reiste opp att med båten vart det ei svær speling, folk høyrde det av lengdom. Alle var so fornøgde med stemnaSitat
– Olav Heggland om stemna i brev til formann Augund Rike

Premiar

Kjelde