Austad stavkyrkje

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. mars 2022 kl. 16:58 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Biletekst)
Hopp til navigering Hopp til søk
Austadportalane som stod i stavkyrkja.
Foto: Ove Holst. Fra Universitsmuseenes fotoportal (Unimus)/Wikipedia

Austad stavkyrkje stod på Austad i Bygland frå om lag år 1200 til 1668. Då var ho komen i så klein stand at ho måtte rivast. Det eldste kjende namnet på kyrkja er Audastadum kyrkje.

Kyrkja hadde to portalar med utskjeringar med motiv frå segna om Sigurd Fåvnesbane. Etter segna skal dei vere skorne ut av Harde-Aslak. I dag er portalane i Universitetets Oldsaksamling i Oslo.

Kjelder

Eksterne lenker