Helga Håreksdotter
Helga Håreksdotter var dotter av Hårek av Setrum, ein rik og mektig mann i Setesdal rundt år 1100. Helga blei gift med lendmannen Peter Serksson frå Aurland i Sogn. Det er ukjend kor mange born dei fekk. Men to ein kjenner namna til er Niklos Petersson, bisp i Bergen 1157–1161, og Jon Petersson, lendmann og krossfarar.
Kjelder
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 73