Evje bedehus

Foto: Geir Daasvatn
Evje bedehus er oppført i 2021–2022 i Alfred Uglands veg nær Evje sentrum. Bedehuset har tre etasjar, med eit totalt areal på 1 300 kvadratmeter. Byggekostnaden var rekna til rundt 23 millionar kroner. Men svært mykje arbeid blei utført på dugnad. Eigarar er Evje ungdomsforening og Evje Indremisjon.
Det gamle bedehuset (Tryggheim) i Evje sentrum er seld til private interesser.