Byglandstunet

Foto: Geir Daasvatn
Foto: Siri Johannessen
Byglandstunet er ei samling bygg i Bygland sentrum, rett nord-aust for Bygland kyrkje. Her ligg Bygland kommunehus, Joker Bygland, Sparebanken Sør sin filial på Bygland, Bygland folkebibliotek, legevakta i Bygland og Bygland lensmannskontor.
Aksjeselskapet Byglandstunet AS står som eigar av dei fleste bygga. Bygland kommune, Aust-Agder Næringsselskap og Sparebanken Sør var lenge aksjonærar, men pr. februar 2022 er kommunen eineeigar. Det såkalla «bankbygget» eig Bankbygg AS. Her er Sparebanken Sør og Bygland kommune aksjonærar. Ved årsskiftet 2016/2017 vurderer Bygland kommune å løyse ut banken og næringselskapet som aksjonærar, og overta alt eigarskap til bygga sjølv.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd, Vil drive bygga meir effektivt, artikkel i Setesdølen nr. 94, 2016, side 9
- Proff.no