Berg (Åseral gnr. 3)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. juli 2021 kl. 06:24 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Berg er ein gard i Kyrkjebygd i Åseral.

Innmarka ligg på sletta mellom elvane Logna og Monn, sentralt i bygda. Her har kyrkja stått, og her ligg prestegarden. Utmarka er sterkt samanblanda med utmarka til nabogarden Austrhus. Det kan tyde på at desse to gardane i si tid har vore ein gard. Kva tid denne storgarden har blitt delt i to gardar veit ein ikkje visst. Men Austrhus er nemnt første gong i skriftlege kjelder i 1506. Nabogardar i vest er Åsland og Forgard.


Kjelder

Kart