Sætergjenta
Sætergjenta er ei hardingfele som felemakaren Olaf G. Helland laga på bestilling til konsertspelemannen Olav Hegland frå Bygland. Ho var eit praktinstrument, som Olav brukte i mange år. Men fela innfridde etter kvart ikkje dei krava Olav stilte. I 1931 selde han henne til ein mann i Lillesand. Seinare spora Olav fela opp i Åseral. Han hadde glede av fela heilt til han dydde i 1974. Gunnar Stubseid fekk overta henne av familien i 1975. I dag er ho i topp stand, skriv Gunnar sjølv i boka si om legendariske hardingfeler.