Fædrelandsvennen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. desember 2012 kl. 10:34 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (oppdatert)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fædrelandsvennen er ei dagsavis som kjem ut i Kristiansand. Avisa hadde i 2010 eit opplag på knapt 38.000, ein nedgang på om lag fem tusen aviser sidan 2006. Media Norge, som har Schibstedt, Norges største mediekonsern, som største eigar, eig Fædrelandsvennnen. Avisa eig sjølv ei rekke andre mediebedrifter på Agder.

Avisa vart etablert i 1875. 16. september 2006 gjekk avisa over frå fullformat til tabloid. Avisa har god dekning i Setesdal og hadde eige kontor i Valle til 2012, der journalist Johs. Bjørkeli arbeidde til han vart pensjonist. Frå juni 2010 er Eivind Ljøstad sjefredaktør og samfunnsredaktør Vidar Udjus er stedfortredande sjefredaktør.

Kjelder og eksterne lenker