Vikstøl

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. mai 2020 kl. 23:52 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Antall bruk)
Hopp til navigering Hopp til søk
Vikstøl.

Vikstøl er ein fråflytta heiegard (gnr. 67) ved Vikstølvatnet nord-aust i Evje og Hornnes. Det var tre hovudbruk i garden, Grova (bnr. 3), ukjent bruksnamn (gnr. 1) og Blomekra (gnr. 4).[1] I dag er bygningane på garden nytta til fritidsbustader. Den private Vikstølvegen går frå Gautestadvegen ved Prestøygardsvatnet og inn til garden.

Historie

Gardsnamn som endar på -støl, meiner ein ikkje er eldre enn frå kristen mellomalder, frå 1100- til 1200-talet.[2] [3] Vikstøl er såleis mellom dei yngre gardane i kommunen. Han har mykje truleg gått ut frå Kleveland i si tid.[4]

Referansar

  1. Lokalhistoriske perler. På tur med Oddmund Mogstad, utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2018, side 97-99
  2. Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 65
  3. Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, artikkel i Arnstein 2008, side 33
  4. Gardsnamn i Evje, side 36

Kart

Laster kart ...