Hopp til innhald

Sagwollen stadion

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. april 2020 kl. 09:11 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Sagwollen stadion)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Sagwollen stadion var ei balløkke i SagaheiaEvje. Løkka blei høgtideleg opna av ordførar Jostein Berget 21. september 1980. Løkka kom i stand etter initiativ frå borna i Sagaheia og på Grenjå. Dei skreiv brev til ordføraren og bad om at det blei laga ein plass der dei kunne vere. Mykje av opparbeidinga skjedde på dugnad.

Kjelder

  • Setesdølen, 1980
  • Brev frå borna i Sagaheia og på Grenjå til ordføraren