Austerhusøygard
Austerhusøygard er ein gamal, nedlagd støyl langs Terenesvegen, ved vestre breidda av Høvringsvatnet, nord-aust i Evje og Hornnes.
Austerhusøygard var mykje sannsynleg, i mellomalderen, eigen gard. Namnet skal ha vore Håstøyl. Men så blei garden lagt øyde rundt år 1350, etter Svartedauden. Etter dette vart garden liggande under Austerhus i Flatebygd.
Kjelder
- Oddmund Mogstad, Flatebygd, stykke i Lokalhistoriske perler. På tur med Oddmund Mogstad, utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2018, side 125-130