Nils Gjermund Østerhus

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. april 2018 kl. 09:19 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Småpuss)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Gjermund Østerhus
Født: 23. april 1958 (68 år)

Nils Gjermund Østerhus (fødd 23. april 1958) er i bonde på Austerhus i Flatebygd. I tillegg er han fagansvarleg, jobbvegleiar Oppfølging, Avklaring og AFT på Setpro. Han gjekk landbruksskule i Søgne i 1978-79 og dreiv så garden samstundes som han arbeidde 6-7 år i Liegruva. Han bygde ut garden og dreiv den fram til inntektene i landbruket tok til å stupe i 1996-97. Då tok han til å studere og skaffa seg utdanning i informatikk, matematikk og pedagogikk med sikte på å bli lærar, men det vart han ikkje. Gardsdrifta vart lagd om til ammekyr og ungdyr.

Politisk hadde han bak seg ein periode i Evje og Hornnes kommunestyre for Høyre 1983-1987 før han i 2007 vart ordførarkandidat for Evje og Hornnes Senterparti. Etter valet vart han varaordførar i perioden 2007 til 2011.

Familie

Foreldra til Nils Gjermund er Søren Østerhus og Bodil Kate Østerhus. Han er gift med Ragnhild Østerhus. Ein bestefar var Nils Østerhus i Norsk Feltspat Co, og ein av oldefedrene var Søren Nilsen Østerhus (Søren stiger).

Kjelder