HovdenTour

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. februar 2018 kl. 09:08 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny løype 2018)
Hopp til navigering Hopp til søk

HovdenTour er eit skirenn som blir arrangert på Hovden kvart år sidan 2012. Hovudløypa er 42,5 kilometer lang, og går i området mellom Hartevatn og Auersvatn aust for Hovden sentrum. Ein kortare trasè er 22 kilometer lang. Nytt frå 2018 er ei «kortløype» på 10 km. Arrangørane har også ein «uværstrasè» på 38 kilometer. Rennet går i klassisk stil, og har både konkurranseklasse og trimklasse. I 2015 var det 2005 påmeldte i rennet. Prosjektleiar for arrangementet er Ingvild Hovden.

Kjelder

Eksterne lenker