Hardingfele
Hardingfela er ein norsk variant av fiolinen. I tillegg til fire overstrengar, har ho 4–5 underliggjande resonansstrengar. Desse gir den spesielle klangen i ei hardingfele. Det er også lett å kjenne igjen ei hardingfele på dekorasjonane, som tildels er stadeigne. Ei hardingfele kan også kjennast igjen på stolen, som er flatare enn på ein vanleg fiolin. Fingerbrettet har mønster.
I Setesdal er Hallvard T. Bjørgum og Gunnar Stubseid mellom dei mest kjende nolevande spelemennene som brukar hardingfele. Mellom yngre, dyktige spelemenn på hardingfele er Tor Hoslemo, Jamie Lodberg og Daniel Sandén-Warg.