Ingrid Birkeland
| Ingrid Birkeland | ||
|---|---|---|
| Født: | 12. november 1943 | |
| Død: | 4. november 2018 (74 år) | |
Ingrid Birkeland (fødd 12. november 1943, død 4. november 2018) hadde vore vaktmester, styremedlem, formann, leiar og engasjert pådrivar for Fjellhaug bedehus i Krossen på Evje i 40 år og sundagsskulelærar der i 50 år då ho 8. oktober 2018 fekk Frivillighetsprisen i Evje og Hornnes kommune av ordførar Bjørn Ropstad heime i stova. Ho var også med i kvinneforeninga for bedehuset og arrangerte basarar til inntekt for huset. Då foreninga vart lagt ned, starta ho opp husmortreff med same føremål.
Kjelder
- Ole Birger Lien: Heidra eit heidersmenneske. Artikkel i Setesdølen nr. 75, 2018 side 12