Fager er jordi
Fager er jordi er Gunnar T. Rysstad si gjendikting av Deilig er jorden, julesalma til B. S. Ingemann. Teksten vart publisert i Syn og Segn i 1900 og kom med i Nynorsk Salmebok.
- Fager er jordi, herleg er Guds himmel,
- Glade gjeng sjelene pilgrimsgong.
- Gjenom dei fagre rike paa jordi
- Gjeng me til paradis med song.
- Tider skal koma, tider burt skal kverva,
- Ætt skal fylgja ættarrad.
- Aldri skal tagna tonen fraa himlen,
- Sjeli sitt glade pilgrimskvad.
- Englane song det fyrst for hyrdingflokken,
- Vent det tona for sjeli mødd:
- Fred yver jordi, menneske, gled deg,
- Oss er ein evig Frelsar fødd!
Innspelingar
- Anne Karin Kaasa på plata Eg såg deg 2012
- Inger Lise Stulien på plata Heim te jol 2011