Haugen (Evje og Hornnes gnr. 15/10 mfl.)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. september 2016 kl. 22:49 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Etablering av Evje og Hornnes Sparebank)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hornnes-garden. Bustaden og uthusa i Haugen er til høgre i biletet.
Haugen ein vakker vinterdag i januar 2016.

Haugen er eit gardsbruk (gnr. 15, bnr. 10 m.fl) under Hornnes (Evje og Hornnes gnr. 15) i Evje og Hornnes kommune. Haugen ligg som namnet syner på eit lite høgdedrag noko sør-vest for Hornnes kyrkje.

Hornnes-garden er truleg mellom dei eldste i Setesdal. Haugen vart eige bruk ca. 1650. Ola N. Hornnes (fødd ca. 1604) var den første eigaren. Han var son til lensmann Notto S. Hornnes og Mari Hornnes. Ein yngre bror til Ola, Salve N. Hornnes, fekk den andre delen av garden, Lunnen.

Evje og Hornnes Sparebank vart etablert i Haugen i 1864. Postopneriet i Hornnes var i Haugen frå 1865 til 1928. Postopnarar i desse åra var først John N. Hornnes og etter han sonen Notto J. Hornnes.

Dagens eigar av Haugen er Notto Hornnes (fødd 1952).

Kjelder