Helge Homme

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 30. september 2014 kl. 13:32 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (malfiks)
Hopp til navigering Hopp til søk
Helge Homme
Født: 15. oktober 1952 (73 år)

Helge Homme (fødd 15. oktober 1952) er maskinkøyrar i Mesta. Etter at Mesta ikkje fekk vedlikehaldet av vegar i Setesdal i 2007, arbeider han i selskapet med Vrådal som utgangspunkt og er vekependlar. Han gifta seg med Bjørg Sigrid Homme (Nomeland) i 1973, dei har fire barn: Ingunn Anette Bratteland, fødd 1973, Gunn Marith (Malla) Homme, fødd 1975, Tom Arild Homme, fødd 1977 og Laila Homme, fødd 1983. Etter at dei overlet garden i Homme til Malla og Knut Sondre Homme, har dei bygd hus på Flateland. Dei har og hytte på, Åvåg i Hylesdalen, som dei brukar fritida på.

Utdanning og arbeid

Helge Homme gjekk på skule i Valle, men dei to sist åra av ungdomsskulen gjekk han på Fiskå skule i Vågsbygd. Deretter tok han Drottningborg handelskole i Grimstad. Første jobben var på Valle Handel, deretter arbeidde han på Esso i Valle. Så starta han i Homme Brøyt saman med far sin, Torgrim Homme. Dei arbeidde i lag heilt til han i 1986 fekk jobb i Statens Vegvesen som fagarbeidar/maskinkøyrar. I 2003 fylgde han med over i Mesta.

Engasjement og fritid

Militærtenesta si hadde Helge Homme i Heimevernet. Han begynte som kontorstøtte med ansvar for løn til soldatene. Etter ein del kurs og erfaring, vart han fenrik og forsyningsleder før HV-tenesta tok slutt. Han var og med i det lokale brannvernet frå det starta opp til 2007, då han vart vekependlar.

Etter å ha vore handelsgut på Valle Handel, vart han i 1987 styreleiar for butikken og var det til 2000, han er den som har vore styreleiar lengst for Valle Handel. Han var med i Valle Radio heilt frå starten i 1997 og har vore radioen sin kasserar.

Kjelder

  • Opplysningar gjeve av Helge Homme sjølv
  • Knut K. Homme: 100 år i teneste for bygdi side 81