Evjeitt
Evjitt er ein sjeldan bergart. Han er hornblendeholdig gabbro og kan føre nikkel. Bergarten blei oppdaga i nokre steinknausar ved Birkelandsbrua nær Evje sentrum. Han er vitskapleg undersøkt av professor Tom F. V. Barth i 1947. Evjitt finst òg ved garden Birkeland i Iveland.
Kjelder
- Iveland V - Gruvedrift, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 2007, side 16
- Artikkelen om djupbergartar på Wikipedia (bokmål), besøkt 24. juli 2018