Longerak

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. august 2012 kl. 15:57 av Siri J (diskusjon | bidrag) (Ny side: '''Longerak''' er ei bygd på austsida av Byglandsfjorden i sør Bygland kommune. Bygda ligg ved fylkesveg 36 og riksveg 9 mellom Grendi og Bygland. Longerak er ...)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Longerak er ei bygd på austsida av Byglandsfjorden i sør Bygland kommune. Bygda ligg ved fylkesveg 36 og riksveg 9 mellom Grendi og Bygland. Longerak er ein eigen grunnkrins i kommunen, og i 2012 budde 42 personar her.[1] Arealet er på 23,61 km2 (5,55km2 ferskvatn, og 18,06 landareal)[2]

Bygdestova på Longerak ligg ved fylkesvegen på Monen sin grunn, og den gamle bygdeskulen ligg litt lenger sør ved ). Sør i bygda, rett før fylkesvegen skiljes frå riksveg 9, ligg Longerak Hyttesenter og Camping, medan Longerakhyttene ligg nord i bygda. På austsida av riksveg 9 bygde tuberkulosesanatoriet på Landeskogen eit vasskraftverk som starta kraftproduksjonen i 1916.

Frå 1. juli 1898 til 31. oktober 1967 hadde Longerak eige poståpneri der damskipet la til i bygda. Fram til 1. juli 1925 var det kalla Langerak, og etter dette Langerak. Bygda har no (2012) postnummer 4741 Byglandsfjord. Den første postopnaren var Torgeir Olavson Langerak, og frå 1. oktober 1921 styrde Ingebjørg Langerak telefonen.[3]

Referansar