Hopp til innhald

Gunnar Oseng

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. mars 2018 kl. 21:56 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Gunnar Oseng)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gunnar Oseng
Født: 4. februar 1943 (83 år)

Gunnar Oseng (fødd 4. februar 1943) er ein misjonær frå Hornnes. Han var misjonær i Etiopia frå 1970 til 1987, deretter misjonssekretær ved Norsk Luthersk Misjonssamband sitt hovudkontor i Oslo med ansvar for Sør-Amerika. Frå 1995 hadde han ansvar for Etiopia, så hadde han to års permisjon før han kom tilbake som misjonssekretær for Kenya/Tanzania fra august 2000 til hausten 2006.

Han er gift med Alfhild Oseng. Dei busette seg i Oslo, der han også som pensjonist er oppteken med arbeid for misjonen, mellom anna som medhjelpar på gjenbruksbutikk og frivilligsentral. Framleis er han ute på møter for å informere om misjonsarbeidet. I fleire år har han vore tilbake på Hornnes i påska for å tale på det tradisjonsrike langfredagsmøtet på Hornnes bedehus 30. mars 2018.

Kjelder