Svenn Kvaale

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. april 2017 kl. 06:31 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Føyd til foreldrene)
Hopp til navigering Hopp til søk
Svenn KvaaleFil:Symbol unrelated.svg
Født: 4. mars 1927 (99 år)

Svenn Kvaale (fødd 4. mars 1927) er pensjonert bonde på Kvåle i Bygland kommune, der han har drive mjølkeproduksjon, sauehald og skogsdrift. Han har vore samfunnsengasjert i heimbygda heile livet og vore med i kommunestyret i Bygland i mange periodar som representant for Senterpartiet. I perioden 1991 til 1995 var han varaordførar då Torbjørn Borgi frå Ap var ordførar. Han var leiar i skulestyret då den nye skulen på Byglandsfjord vart bygd. Han var og sterkt engasjert i Ose Kulturverkstad/ Ose grendehus og Ose Turistheim.

Utanom politikken har han vore engasjert i Bygland mållag, Bondelaget og dei faglege organisasjonane i landbruket. Svenn Kvaale er bror til Gunnar Kvaale og gift med Ingrid Kvaale. Foreldra hans var Jørund G. Kvaale og Eli G. Kvaale (fødd Ose).

Kjelder