Autoservice Evje
Autoservice Evje er ein bilverkstad på Evje som held til i Verksvegen 5 like sør for YX Evje. Autoservice Evje har overteke Falck-agenturet for Evje og områda rundt Evje. Dagleg leiar er Knut Birkeland, som er bilmekanikar og bilelektrikar. Det er han du møter når du tek kontakt med bedrifta. Med seg i bedrifta (2017) har han Øyvind Birkeland (teknisk leiar mekanisk), Yngvar Aas (bilmekanikar, teknikar), Terje Eretveit (teknisk leiar skade), Rafal Ogorzelski (ansvarleg tectyl/bilpleie), Anne Hilde S. Vederhus (kontor/kundemottak) og Runar Lunden (bilmekaikar, teknikar). Firmaet vart oppretta i 1997 av Knut Birkeland, då var det ei einmannsbedrift.
I april 2011 starta Svein Tore Thorsen som bilseljar hos Autoservice Evje. Han har seinare slutta i stillinga. Jørgen Lien var også i ein kort periode bilseljar her. I dag er det Knut Birkeland sjølv som er ansvarleg for salet. Firmaet sel mykje varebilar og er merkeverkstad for Fiat, som dei overtok personbilsalet for etter BD Bil i 2008. Dei forhandlar og KIA og Daihatsu personbilar og Isuzu pickup, samt Suzuki personbilar.
Til Setesdalskonferansen 2011 var det laga ein film om bedrifta.
Kjelder
- Helene Horverak: Vil tredoble bilutstillinga på Evje. Artikkel i Setesdølen nr. 88, 2010 side 11
- 20 år med biler, reklamehefte for Autoservice Evje, desember 2017