Hopp til innhald

Sigurd Brokke

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. mai 2012 kl. 14:15 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (lenke)
Sigurd Brokke.

Sigurd Brokke (fødd 16. mai 1971) er mest kjend som munnharpespelar. Han vann landskappleiken i klassen for munnharpe i 2003 og 2004. Sigurd Brokke har òg vore aktiv på mindre stemner, og i perioden 2001 til 2007 vann han eit tjuetals kappleikar i Agder og Telemark. I 2003 fikk han Aust-Agder fylkes kulturstipend. Sigurd Brokke var leiar i Setesdal Spelemannslag frå 2001 til 2007.

Han har gitt ut to plater, begge på Etnisk musikklubb, saman med Daniel Sandén-Warg, som spelar hardingfele. I 2012 kom plata Munnharpe og Daniel Sandén-Warg er her med som gjesteartist.

I tillegg er Sigurd Brokke aktiv i Valle mållag, der han har vore med i styret og der han og sidan oppstarten i 2002 har vore engasjert i dugnadsarbeidet med nettsida vallemal.no. Han er ein aktiv talsmann for setesdalsdialekten, og var med i TV-programmet Norsk attraksjon då Linda Eide i NRK duellerte med Sigurd Brokke om å forstå dialektord og måtte ta ein dukkert i Otra då ho tapte.

I det daglege er han vaktmeister i Valle kommune. Sigurd Brokke har utdanning innan elektro og fagbrev som energitekniker på kraftstasjon. I 2006/2007 hadde han eitt års vikariat som dagleg leiar ved Agder Folkemusikkarkiv.

Diskografi

  • Munnharpe 2012
  • Rammeslag II 2009 Folkelarmprisen i klassen solo. Nominert til Spellemannsprisen i klassen folkemusikk/gammaldans
  • Rammeslag 2007 Folkelarmprisen i klassen solo
Medverkar på
  • Fille-Vern - gamle og nye mestre i norsk munnharpetradisjon 2007 (Ta:lik)
  • 4th. International Jew's Harp Festival 2005 (Heilo)

Eksterne lenker