Stakkedalshytta

Foto: Reidar Tveito
Stakkedalshytta var ei turisthytte i Stakkedalen i Bygland kommune. Ho låg inne på heia vest for Langeid. KOT leigde av grunneigarane frå 1949 til 2006. Hytta vart ombygd i 1992 og hadde 10 sengeplassar. Hytta var mykje brukt av folk på tur frå Gaukhei til Langeid.
I 2006 ville grunneigaren setje opp ny privat hytte på 30 kvm nede i sjølve Stakkedalen. Kommunen sa ja, men direktoratet sa nei, då hytta ville kome i Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde.
Kjelde
- Sigurd Haugsgjerd: KOT kan misse Stakkedalshytta. Artikkel i Setesdølen nr. 85, 2006 side 1 og 4