Stoplestogburet
Foto: Geir Daasvatn
Stoplestogloftet er eit gamalt loft på eigedomen gnr. 26 bnr. 36 i garden Stoplestog i Åraksbø i Bygland. Eigarar er Siv Eline Jacob og Runar Flåt Granheim.
Fagfolk undersøker for tida (2017) om loftet kan vere frå mellomalderen, altså tida før år 1537. Det er nokre teikn i bygget på at det kan vere frå før år 1350 også, og at det såleis kan vere 700-800 år gamalt. Om desse teoriane blir stadfesta, er bygget eit av dei eldste trehusa i Norge.
Sjå også
Kjelder
- Johs. Bjørkeli, Kan være over 700 år gammelt, artikkel i Fædrelandsvennen 25. april 2017, side 25
- Opplysningar i grunnboka på nettsida til Statens Kartverk