Hopp til innhald

Heilag Olav til Setesdal

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. juli 2017 kl. 10:28 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Heilag Olav til Setesdal (bok))
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Heilag Olav til Setesdal er ei «reiseskildring» der forfattaren Olav Bjørgum ser føre seg korleis ferda til Heilag Olav kunne ha gått føre seg, om han skulle ha funne på å legge låma oppetter Setesdal. Skildringa er i verseform. Nokre trådar i skildringa er festa til sume av segnene som har gått på folkemunne om Heilag Olav sin ferd gjennom dalen. «Tråden vert spunnen vidare og slegen inn i eit fargeband med skiftande mønster, - og fylgjer dalføret frå Byglandsfjord til Bykleheiane», skriv forfattaren i føreordet.

Heftet er rikt illustrert av Olav Bjørgum, namnebror og brorson til forfattaren.

Boka er utgjeve av kulturstyra i Valle, Bykle, Bygland og Evje og Hornnes i 1983. Ho er trykt hos Johs. Grefslie Trykkeri AS på Mysen. 80 sider. ISBN 82-90300-08-5