Hovden Fjellstoge

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. januar 2017 kl. 09:27 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kort om eierforhold)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hovden Fjellstoge er ein overnattingsstad i naturskjønne omgjevnader mellom Otra og Rv-9, 2,7 kilometer nord for Hovden sentrum øvst i Setesdal. Hovden Fjellstoge tilbyr rom med frukost, hytter for sjølvhushald og gode pakketilbod med det meste inkludert. I periodar tilbyr Fjellstoga også spanande arrangement og aktivitetar. A la carte restaurant er open kvar dag i sesongen. I vintersesongen går det gratis skibuss til Hovden Alpinsenter, og det er direkte tilkomst til det store løypenettet på Hovden for dei som vil gå langrenn.

Eigedomsselskapet God Driv i Kristiansand eig 65 prosent av aksjane i Hovden Fjellstoge AS. Vertskapet på Fjellstoga, Roy Bakke og Ann-Torill Briksdal, eig 17,5 prosent kvar.

Hyttebygging

På eit ca 30 dekar stort areal rundt Hovden Fjellstoge er det planar om å bygge kring 140 hytter og leilegheiter. God Driv står bak planane, saman med Roy Bakke og Ann-Torill Briksdal. Grunnarbeida tek etter planen til etter påske 2017, og sjølve byggearbeida i juni same år. Det er planlagt ei stegvis utbygging, med om lag 15 einingar i første steg.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...