Stølen (Iveland gnr. 16 bnr. 23)
Stølen er ein eigedom (gnr. 16 bnr. 23) på garden Leesland sin grunn sør i Iveland. Heimelshavarar frå 2016 er Charlotte Lønseth Holbæk og Vegar Holbæk.
Historie
Stølen var opphaveleg husmannsplass under Leesland bnr. 1. Eigedomen blei skyldsett i 1866, og blei då eige gardsbruk med bruksnummer 3. I 2016 blei eit areal på om lag 42 mål skild frå bruket (bnr. 3), og fekk bnr. 23. På denne nye eigedomen står husa i Stølen.