Hopp til innhald

Margit Salvesdotter Ose

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. februar 2017 kl. 19:30 av Hellandsbot (diskusjon | bidrag) (Robot: automatisk teksterstatning: (-Personer fra Bygland kommune +Døde personer fra Bygland kommune))
Margit Salvesdotter Ose
Født: 1834
Død: 1892 (alder 57–58)

Margit Salvesdotter Ose (fødd 1834, død 1892) var tenestejente på Ose og seinare i Tovdal.

Margit vaks opp på plassen Kvistoga under garden Øvre Hegland i Bygland. Foreldra var Salve Tellefson Kvinen og Gunhild Karlsdotter Handeland. Ho var først tenestejente hos Daniel Eivindson Ose. Der var ho då ho fekk dottera Anna S. Dåsvatn i 1866. Faren til Anna var Salve Knutson Frøysnes. Margit og Salve var ikkje gifte.

Margit og dottera Anna budde på plassen Odden tett ved kyrkjegardenAustad. I 1875 flytta ho med dottera til Ramse i Tovdal, der ho fekk arbeid hos Terje Ramse. Seinare kom ho til garden Håkedal. Der døydde ho i 1892.

Kjelder

  • Avsnittet om plassen Kvistoga under Øvre Hegland i Bygland Gard og Ætt
  • Torleiv Vika, Våre røter - Kleven Øvre Dåsvatn, trykt hefte (privat)