Espetveit (Evje og Hornnes gnr. 29)
Espetveit (gnr. 29) er ein gard på heia mellom Moisund og Abusdal sør-vest i Evje og Hornnes kommune. I aust byter garden mot Haugland, i vest mot Kalland. Alderen på garden er uviss. Men den lokale namnegranskaren Oddmund Mogstad trur han kan vere frå før år 800 e.Kr.[1] Frå 1825 har det vore to bruk på garden.
Den første kjende oppsittaren på garden (til 1636) skal vere Anders Espetveit.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 585-592
Referansar
<references>
- ↑ Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, artikkel i Arnstein 2006, side 30