Der sø (Søndre Austad)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. juni 2017 kl. 11:34 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Der sø Søndre Austad)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Der sø er eit gardsbruk (gnr. 14 bnr. 6) i garden Søndre AustadAustad i Bygland. Arne T. Bjørgum har heimelen til eigedomen. Men dei gamle husa på bruket er fråflytta. Arne bur saman med kona Tone i nye hus på eigedomen Prestgard (bnr. 20) om lag 400 meter sør for det gamle tunet på bnr. 6.

Historie

Ein gong mellom 1597 og 1610 fekk [[Ljot Bjørnson Austad halve Søndre Austad etter far sin, Bjørn Torbjørnson Austad. Bruket er seinare kalla «Ljot Bjørnsons bruk». Ljot Bjørnsons bruk blei delt i to igjen eit par generasjonar seinare, ca. år 1694. Torgrim Lavransson Moi fekk den halvparten som seinare er blitt til bnr. 6.

Mellom dei som har eigd bnr. 6 er Olav Grundeson Åkhus (f. 1836 - d. 1909). «O. G. Åkhus har ei lang merittliste, og kom etter kvart til å spele ei viktig rolle, ikkje berre i Austad sokn, men for heile Bygland», skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt.

Kjelder

  • Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, side 287-309