Løylandsloftet

Foto: Geir Daasvatn
Løylandsloftet er eit loft (bur) på gardsbruket Nedre Lande i Grendi. Loftet stod opphaveleg på eit bruk på Løyland i Valle, men blei flytta ned til Nedre Lande i 1934 av kulturberaren Jon Løyland. Han hadde kjøpt garden i 1930. I Norges Bebyggelse er byggeåret sagt å vere 1604.
Jon Løyland var ein stor kulturformidlar, og med Løylandsloftet hadde han sikra seg deg formidlingsarenaen han ynskte seg. Det kom skuleklassar på besøk. Seinare kom Lande med i NAF-boka. Endå fleire kom for å høyre på det Jon hadde å fortelje, og kanskje kikke innom samlingane i loftet.
Kjelder
- Leonhard Jansen, Eit møte med sogemannen Jon Løyland (1887-1975), artikkel i Agder Historielag sitt Årsskrift nr. 84, 2008, side 7-26
- Alfred Ryningen, Valle kommune VI Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 133
- Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, AS Faglitteratur, 1956, side 115