Hamre

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Hamre er ein gard (gnr. 48) på vestsida av Byglandsfjorden, nord for Skjevrak og sør for Storstraumen, i Bygland kommune. Det er ikkje gardsdrift på staden lenger. Det er to bruk på garden, hovudbruket gnr. 48 bnr. 1 og gnr. 48 bnr. 2 Søjordet. Bnr. 1 er i bruk som fritidseigedom. Johnny Smeland frå Hornnes har heimelen til denne eigedomen.
I det bratte fjellet rett vest for garden ligg den nedlagte Hamregruva.
Kjelder
- Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, 1952, side 311-313
- Gardskart på nett
- Kart og opplysningar i grunnboka på nettsida til Statens Kartverk