Bygdeborga på Steinsfjell

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. november 2016 kl. 20:44 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Steinsfjell sett frå skytebanen på Evjemoen. På toppen her låg bygdeborga. I skytevollen innunder fjellet ligg nok dei fleste steinane frå borga.
Det er eit vidt utsyn frå Steinsfjell i dei fleste retningar. Her ser ein utover den svære Evjemoen.
Foto: Geir Daasvatn

Bygdeborga på Steinsfjell låg på Steinsfjell i Evje, det låge fjellet rett aust for det som i dag er Evje stadion og Trollbakken hoppanlegg]]. Alle stader i landet med namnet Steinsfjell skal det vere ei bygdeborg. Borga må ha vore for dei som budde nede i dalen. Ho hadde ein grei avstand frå busetnaden i Evje på den tida, og skal ha hatt ein høg og fin forsvarsmur av stein. Dei som budde nærare bygdesenteret på Flåt/Austerhus hadde borga på UrdalsfjellÅvesland.

Eit kjenneteikn ved alle dei fem bygdeborgene i Evje og Hornnes er at dei ligg i nærleiken av eit større eller mindre gravfelt. Steinsfjell ligg like i nærleiken av Setesdalens største registrerte gravfelt i FossvikVerksmoen.

Frå 1920 og ut gjennom 1930-åra blei steinane i den høge og lange muren rulla utfor fjellet og ned på skytebanen av gutungane i stasjonsbyen Evje. Den kjende rosemålaren Oskar Kjetså har fortald at han var ein av gutane som dreiv på med dette. Her hadde dei «arbeid» i fleire år. Seinare fylte Forsvaret på med store mengder granulert slagg som låg att etter Evje nikkelverk, då dei laga skytevoll bak skyteskivene og anvisargrava. Så i dag ligg steinane frå borga under tonnevis av slagg.

Olaf Alfsen Kjetså frå Hornnes var på Steinsfjell i 1930, og tok eit bilete ved dei restane av borgmuren som då stod att. Nå er også denne delen av muren borte.

Sjå også

Kjelder