Lislestraumen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. oktober 2016 kl. 08:40 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjelder: lenke)
Hopp til navigering Hopp til søk
Lislestraumen sett nordover mot Urdviki. Til høgre ligg Fosskarøya.

Lislestraumen er eit smalt sund, ei innsnevring, i Byglandsfjorden mellom Nesodden på austsida og Stigemo på vestsida, nord for Nese i Bygland. Midt i sundet ligg Fosskarøya med Fosskarhytta. Lislestraumen er «innseglinga» til Urdviki frå sør. I nordre enden av den vika ligg Storstraumen. I vestre enden av den svære sandstranda GullsandNesodden, på austsida av Lislestraumen, ligg det ei gravrøys.

Skilleplass for fellesfløtinga

Lislestraumen var skilleplass for tømmer den tida tømmeret frå Setesdal blei fløta nedover Otra til Kristiansand. Last som skulle til Grenda eller Byglandsfjord blei sortert ut og lagt i kvar sin ringbom. Seinare fekk ein slepebåten Thor som trakk tømmerbuntane ut til sørenden av Byglandsfjorden.

Midt i Lislestraumen ligg Storøya. Der var det ei hytte som fosskarane brukte. I dag kallast øya Fosskarøya.

Kjelder

Kart

Laster kart ...